God helg – for femte gong alt…

Liksom –  er blitt eit velbrukt ord, kanskje fordi det passar greitt å bruka det som ei slags mellomsats, liksom.  Som når ein har brukt for eit ord for å seia at det følest liksom som  at tida går (eller kjem) fortare for kvar dag dess eldre  ein blir, liksom. For faktum er at me denne fredagen kan helsa «God helg» for femte gong i det nye året, allereie –  liksom.

Så var det han som besøkte  fastlegen fordi han meinte han berre høyrde halvparten av det som vart sagt.  88, sa legen, som ein test.  44 svarte pasienten…

————

Nokre ordtak på veg inn i helga:
– Giftarmål og sledeføre skal ein utnytt medan det er tid. (dansk)
– La gå, sa matrosen under vigsla – han skulle sagt ja (dansk)
– Livet er ein fest, sa jenta, ho hadde hatt tre friarar på samme dag (svensk)
– Ei god kone, er det beste inventar  (norsk)  

————

Så nokre ord på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan, samla av Ola Høyland
Gasta = noko stort, sterkt og godt  
Gasterera = halda gjestegod
Gaukrid = kald verbolk i mai månad
Gaupna i seg = eta snart og grådigt
Geivla = tala spottande, helst om religiøse ting