Søndag 18. februar feirar me «Den klassiske gitarens dag». Denne markeringa vert gjennomført med ulike markeringar over heile Noreg. Me inviterer alle til stor festkonsert i konsertsalen!
Tanken til «Forening for klassisk gitar i Norge» som står bak initiativet til feiringa, er å vise heile breidda av klassiske gitaristar. Både elevar, pedagogar og profesjonelle utøvarar. I tillegg til solo, ulike samspel og gitarorkester-innslag med elevar og lærarar, får me besøk av gitaristen Per Olav Kobberstad. Han skal spele sjølvkomponert gitarmusikk på sin flunkande nye 9-strengsgitar!
Dette året framfører me igjen, tradisjonen tru, Leo Brouwer sitt minimalistiske stykke for gitarensemble «A Cuban Landscape with Rain». Dette gler me oss alltid til! Det vert også høve til å høyre to heilt nye arrangement for stort gitarorkester av Sindre Sortland.
Me får også høyre solo-innslag frå elevar ved musikklina i Bergen og Stord kulturskule sitt eige supertalent Yonas Tesfa. Dette blir eit flott opplegg med over 50 gitaristar i aksjon på scena!
Vel møtt til konsert, alle gitar-interesserte.
Tom Stien
Tid: 18. februar kl. 1800
Stad: Konsertsalen, Stord vidaregåande skule
Med: Elevar og lærarar frå Stord, Bømlo og Vaksdal kulturskule, musikklinene på Stord, Bergen og Skeisvang vidaregåande skule.
Kveldens hovedgjest: Per Olav Kobberstad.