NAV registrerer 1,3 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken i Sunnhordland i januar. Det er ein auke på 100 heilt ledige personar i høve desember månad og 37 fleire enn januar i 2023.
– Arbeidsløysa aukar i januar. Auken ser me ma. via fleire permitterte, t.d. i fiskeforedlingsindustrien. Samstundes er det normale sesongvariasjonar å legge til grunn. Der er alltid ein stor oppgang frå desember til januar, og mykje skuldast forhold i bransjar som er sesongutsett, saman med fleire midlertidige stillingar som går ut desember, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
I same periode registrerer NAV 662 utlyste stillingar, som nesten er på nivå med rekordmånadane januar og februar i 2022.
– Det er normalt ein del fleire tilgjengeleg stillingar i arbeidsmarknaden i januar enn mange andre månadar. Noko av dette skuldast at lærlingstillingar og enkelte sommarjobbar allereie no vert lyst ut. Likevel ser me mange utlyste stillingar no, der hovuddelen (255) er i Helse, pleie og omsorg, seier Håvard Lægreid.
Må senke krava
NAV ser at arbeidsløysa vil kunne stige noko i 2024, men trur der framleis vil vere gode høve for å inkludere fleire i arbeidslivet – gitt behovet som er i arbeidsmarknaden.
– Me er glade for det gode samarbeidet med har med arbeidsgjevarane i regionen. Basert på ma. næringsforeningane sin eigen medlemsundersøking, samt eigne interne rapportar, trur me likevel der er rom for å samarbeide med enda fleire. Me er oppteken av å heve kompetansen til dei som i dag ikkje møter krava i arbeidsmarknaden, men ser også at verksemdene kan ha mykje å hente på å senke krava i sine utlysingar. Me er tilgjengeleg for å samtalast nærare kring korleis ein kan gjere so, seier Lægreid.