Samstundes som isen igjen prøver å leggja seg på vatna, samstundes som snøen igjen prøver å leggja seg frå Heio og oppover Kvelve og samstundes som det er såre enkelt å frysa naglebit på seg. Ja, samstundes som desse vintervarsel pregar dagane – så er det von i hangande vårtankesnøre. For under det store kristtorntreet i fronten av Stord Rådhus smiler ein oppkvikkande bukett nyutsprungne snøklokker til dei som neiar og kikkar.
Det greske namnet står skrive: Galianthus Nivalis. Sidan snøklokkene oftast er førstmann til å koma seg opp av jorda, er altså tida der til nynna eller synga høgt og klart, «Første blomen han er komen».