Salting på vegar og ferjedekk

Med temp på -1 fraus det til på ferjedekket. (Foto: Steinar Hystad)

Stabilt skiftande, må det vel vera lov å seia om  vêret  i overgangsdagane frå 2022 til 2023.  

Laurdag 31. baud på  sipvatn og sludd, medan  søndag 1.  kom med klar himmelkvelv og minusgrader.  Det bar med seg  utrykking  for dei store bilar med antifrost på tanken. Det er å takka for, for det vart igjen såpeglatt. Ikkje berre på vegar og fortau, også på eit ferjedekk fraus det til. Då var det gildt å sjå mannskap i full sving med saltstrøing på dekk – for hand.