Ei svarttrast låg daud ein god meter frå eit raudt eple med spor etter nebb-besøk. Tydeleg at fuglen hadde ete av eplet, før livet brått tok slutt.
Kan det henda at trasta sette eplebit fast i halsen, eller var stakkar fuglen så utmatta av matmangel grunna nysnø og kulde at han rett og slett segna om?
Forbipasserande på Ådlandsvegen fann grunn til undring og fekk samstundes påminning om at det er når landet er snødekt vår fykande vener treng påfyll på fuglebrettet.
I forsyningsvegen er måkane noko tøffare i framferda enn svarttrasta. Dei fauk samla til kamp om resten av eplet – og tok med seg trasta.